Abraham Vereide

Abraham Vereide

2001
nno
ISBN: 9788252034196
Kopiert!

Sammendrag

Abraham Vereide (1886-1969) hadde sin oppvekst i Gloppen, og han blei i stor mon prega av vekkinga som gjekk over bygdene i Nordfjord ved førre hundreårsskiftet. Han tok med seg den åndelege arven då han utvandra til Amerika i 1905. Etter ei tid som pastor og sosial hjelpar fann han si livsoppgåve: Å samla politiske leiarar på ulike plan om bibel og bøn. Travle folk hadde ikkje tid seinare på dagen, men eit møte i frukosttida var høveleg for dei fleste. Vereide fekk god kontakt med folkevalde, senatorar og med alle presidentane i USA etter andre verdskrigen, og han fekk i gang ein fast skikk: President-bønefrukost kvart år tidleg i februar. Les den inspirerande soga om ein nordmann som verkeleg sette spor etter seg i Amerika, men som tok seg tid til å halde god kontakt med heimlandet.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Annonselenker: Lenkene nedenfor er annonser. Vi mottar provisjon hvis du kjøper boken via disse.

Henter priser