Flora

Flora

av Anne Lise Frøkedal,
2024
nno
ISBN: 9788269244700
Kopiert!

Sammendrag

Forsommaren 2020 var inga travel tid for ein musikar, og det gjorde at albuminnspelinga blei annleis. Ingen avtaler å rekke, ingen konsertar eller øvingar. Me var saman heile dagen i studio og sykla i lang rekke langs Akerselva og heim til Tøyen på kveldane.

Ideen om å lage Flora songbok oppstod i denne merkeleg fredelege og kollektivistiske innspelingsperioden. Det var først ein spøk, sidan musikken til Frøkedal & Familien verken er allemannseie eller spesielt allsongvennleg. Men det blei meir og meir alvor etter kvart som plata tok form.

Songane frå Flora krinsar rundt einsemd og framandgjering i ei kald verd - men også menneskeleg søking etter samanheng - og draumen om tilknyting me alle har i oss.

Musikk er ei samlande kraft, som gir oss alle tilgang på eit utvida spekter av kjensler, minner og visjonar. Derfor er sangboka eit forsøk på å legge alle korta på bordet, og gjere musikken meir tilgjengeleg for den som ønskjer det - enten det gjeld å lytte, sjå tekst og illustrasjonar eller spele låtene sjølv.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser