Fotball eller livet

Fotball eller livet

av Tone Nilsen-Bie,
2026
nno
ISBN: 9788293636779
Kopiert!

Sammendrag

Kor godt kjenner vi vennene våre? Deler vi alt med dei som står oss nærast? Og kven bestemmer kva som er sant? I novellesamlinga Fotball eller livet møter vi menneske knytte til eit fotballag for jenter som går siste året på ungdomsskulen. Dei er mykje saman, både på og utanfor banen. Men likevel skjuler dei ting for kvarandre. Novellene tek opp ulike tema – frå det å vere skeiv og redd for at andre skal få vite – til mobbing og trakassering, alkoholisme, falske skuldingar, upassande forhold, svik og død. Boka inneheld åtte noveller som kan lesast uavhengig av kvarandre. Men dersom ein les alle tekstane kronologisk, finst her òg ei overordna historie. Som tittelen seier, handlar dette litt om fotball, men aller mest om livet. … Tone Nilsen-Bie bur i Alta og er forfattar og dramatikar. Ho har tidlegare gitt ut to bøker for ungdom: novellesamlinga Sumarvariasjonar og romanen På leit etter hjartet ditt. Trykk: LaserTrykk.no Papir: Munken Cream 100 g Fontar: Garamond Premier Pro 13/16, Garage Gothic Grafisk design: Sven Ohrvik Forsideillustrasjon: Shutterstock / Sven Ohrvik Portrettfoto: privat www.skriveakademiet.com www.skrivekurs.no Skriveakademiet 2026 ISBN 978-82-93636-77-9

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser