Hageselskapet

Hageselskapet

av Katherine Mansfield,
2026
nno
ISBN: 9788279593980
Kopiert!

Sammendrag

Katherine Mansfield var ein særeigen forfattar som skildra menneskelege relasjonar med ein psykologisk presisjon og eit intenst nærvær. Dei stemningsmettande novellene hennar skilde seg radikalt frå dei tradisjonelle plotta i samtida, der ho lét små augneblink av innsikt og kjensle bere forteljingane. Evna hennar til å gi det kvardagslege ei glød av innsikt har gjort Mansfield til ein klassikar i verdslitteraturen – og til ein forfattar som stadig blir lesen som om ho skreiv i går.

Hageselskapet og andre forteljingar er høgdepunktet i forfattarskapen hennar – skrivne dei siste åra av livet, då ho var alvorleg sjuk, men på sitt mest kunstnarleg klarsynte. Novellene fangar overgangane mellom barndom og vaksenliv, mellom sosial konvensjon og sårbar erkjenning. Eit sentralt tema er det unge menneske, rive mellom det skjerma livet i foreldrehuset og trongen til å oppdage verda utanfor.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser