I skuggen av ein engel

I skuggen av ein engel

2008
nno
ISBN: 9788281121218
Kopiert!

Sammendrag

To små søstre leikar lukkeleg i hagen den varme sommardagen. Det er ein viktig dag; storesøster Elly fyller seks år. Brått er veslesøster borte. Bursdagsbarnet finn henne på botnen av eit tjern i skogen. Død, drukna, borte... Med eitt er heile livet endra. Med sine eigne ord fortel Elly, mor og mormor si oppleving av den same historia og åra som følgjer. Dei tre kvinnene gjev oss eit innblikk i tankar, kjensler og minne omkring alt dette vonde som endra heile den verda dei kjende. Sårt, ærleg og rett frå hjarta. Anne Kristin Sele er utdanna sjukepleiar og arbeider ved eit legesenter. Litteratur som omhandlar menneske og relasjonane mellom dei, har alltid vore viktig for henne. Kvifor er vi som vi er, og kvifor kan det somme tider vere både godt og vondt å leve? Dei seinare åra har ho funne tilbake til nynorsken, og ho brenn for å stimulere lesegleda vår på denne vakre målforma.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Annonselenker: Lenkene nedenfor er annonser. Vi mottar provisjon hvis du kjøper boken via disse.

Henter priser