Kaffikoppens kulturelle kraft

Kaffikoppens kulturelle kraft

2021
nno
ISBN: 9788269210071
Kopiert!

Sammendrag

Kaffikoppens kulturelle kraft gir den komplette presentasjonen av alle dei kjente og populære kaffistovene og bondeheimane landet rundt. Det har vore skrive mykje om alt det store som er utført i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag, men lite om kor dei fekk pengane frå. Nils Seland presenterer dei frilynde pengemaskinene: Kaffistovene, bondeheimane og andre forretningar landet rundt. Desse «ungdoms-husa i byane» var eigd av ungdomslag og mållag, og var svært viktige møtestader og penge-kjelder for norskdomsrørsla lokalt, på fylkesplan og landsplan.

Det var også kaffikoppens kulturelle kraft frå desse idealistiske forretningstiltaka som blei den økonomiske grunnmuren i Det Norske Teater.

Nils Seland (født 1946) frå Seland i Flekkefjord er gartnar og organisasjonsmenneske. Han har vore aktiv i Flekkefjord Ungdomslag og Mållag, styremedlem og leiar 1977-1981 i Noregs Ungdomslag. Han har hatt styre- og leiarverv i Lagsbrukssamskipnaden, lokale lagsbruk og andre forretnings- og samvirketiltak. Frå 1990 til 2007 var han dagleg leiar i Norske lagsbruk.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser