Katharina Saltnes
Sammendrag
Katharina Saltnes frå Lindås, 1862-1945. Morlaus då ho var 7 månader gamal. Vanfør etter poliomyelitt i 5-års alderen. Kom ikkje fram til barneskulen, men 16 år gamal vart ho småskulelærar, med årslønn kr. 86.40. Lærde teikning på kveldsskule i Bergen. Einaste jente ved treskjerarskulen i Kinarvik. Kom inn på kunstskule i Kristiania, og seinare i Stockholm. Kong Oscar II kjøpte drikkekrus ho hadde skore ut. Ho var både treskjerar og bilethoggar. Før ho var 40 melde seinverknadene etter polioen seg, ho gav opp bylivet og kom heim at til Saltnes, der ho hadde rett på kår. Mykje av det ho laga er bortkome, men noko finst, serleg det ho hogg i marmor. Meisterverket hennar er dei 10 marmortavlene ho laga i 70-års alderen, og som ho gav til Lindåskyrkja i 1935/36. Fekk kongens fortenestemedalje i 1936.
Lån boken
Kjøp boken
Annonselenker: Lenkene nedenfor er annonser. Vi mottar provisjon hvis du kjøper boken via disse.
