Klepp historielag
Sammendrag
Nytt år og nye artiklar. Årbok 2022 er ikkje ei emabok, sjølv om her er fleire artiklar om industri og handverk. I innhaldslista finn du mellom anna soga om Brødrene Moi og Malm Orstad, familieverksemder som er selde ut av gründerfamilien i seinare tid. Og ikkje minst soga om dei som sette spor etter seg med alle bygga dei førde opp i Klepp-murarane i Salteslekta.
Inspirasjonen til to av årets artiklar kjem frå ei skoeske full av svart/kvitt negativ, velvillig utlånt til historielaget av Øystein Hatteland: «Krokket for alle» og «Sven K. Sele».
Store deler av drivhusnæringa i Norge er samla i Orresokna. Den historia er ført i pennen av ei som var med på utviklinga. Grunnlaget for mykje av skogplantinga i fylket, vart lagt på Gruda og historia om Skogselskapet kjem her.
Om få år er skulane i Verdalen 50 år, og me er ute i god tid med historia til desse skulane. Det som hende førre dagen, er historie i framtida. Skal ein forstå Klepp slik kommunen er i dag, må ein ha kunnskap om fortida. Me trur at små og større soger frå dagleglivet i Klepp, slike som me har teke vare på, elles fort vert gløymde.