Med livet i nevane

Med livet i nevane

2000
nno
ISBN: 9788291370262
Kopiert!

Sammendrag

MED LIVET I NEVANE Dette er ei fortelling om dagleglivet frå Ryfylke på 1600-talet. I dei dramatiske hendingane møter me menneske med lyster og suter, mellom Gud og Djevel. Kåre Tveit har funne att lokalsamfunnet i Ryfylke som scene for brotsverk og straff, fredløyse og halshogging på 1600-talet. Hendingane er autentiske, dei namngitte personane har verkeleg levd og opplevd det han fortel om. Mellom linjene i gamle papir har Kåre sett og dikta til det livet som det ikkje var plass til i protokollane. Boka har også blitt ei allsidig innføring i arbeidslivskunnskap frå 1600-talet, og langt opp mot vår eiga tid. Namn på reiskapar og arbeidsprosessar som unge generasjonar knapt kjem borti lenger, er forklare med meir kjende vendingar bak i boka. Denne boka er ei god og betimeleg gåve frå Kåre Tveit til alle ryfylkingar og andre, som vågar å kaste eit blikk bakover kjølvatnet for å peila inn leia framover, slik seglande har gjort med vinkelspegelen sin gjennom krokete fjordar i ryfylkelandskapet gjennom fleire hundre år.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Annonselenker: Lenkene nedenfor er annonser. Vi mottar provisjon hvis du kjøper boken via disse.

Henter priser