Memoria
Sammendrag
Skildringar om verda. Eller iallfall ei verd. Eit kort glimt av kva som kunne skjedd. Om berre. Om kanskje. Eit hurtig lyn. Ein eksplosjon. Ei løgn pakka inn i sanning. Stillteiande bilete. Hole tomrom. Skjult draum. Nostalgiskrik i torevêr. Gisp og stønn. Lattermilde glefs med ei aldri så lita dose med kynisme. Regnvêr og sol. Og ei aning punk.
Kim Solvang Andersen (f. 1986) har skrive i mange år. Han har også, på mystisk vis, klart å bli forlova. Han bur i Sandnes, men brukar mykje av tida si i Ankh-Morpork. Når han ikkje skriv, høyrer han mykje på musikk. Nokon vil sikkert seie altfor mykje. Det har dei sikkert rett i. Dette er hans første publiserte bok.
Lån boken
Kjøp boken
Annonselenker: Lenkene nedenfor er annonser. Vi mottar provisjon hvis du kjøper boken via disse.
