Mor mi er ein elg

Mor mi er ein elg

2019
nno
ISBN: 9788282883771
Kopiert!

Sammendrag

Av og til sit mor mi i den teppelagde trappa og stirar rett fram. Kanskje er ho sliten. Kanskje ho er lei. Kanskje begge deler. Med min litle kropp set eg meg inntil ho. Seinare får me ein hund, Lotte. Ho er mjuk og god. Så er det ho mor lenar seg inntil. Held hendene hennar, og vil så gjerne seie at eg elskar ho. Tenkjar, smakar på orda, men dei blir verande, der innerst, i min litle munn. På mi raude tunge. Eg likar å gå på arbeidet til mor, skrive med kritt på tavlene, spele på pianoet i musikkrommet. Kvar er det eg er, kjøkkenet kanskje, og mor mi er der, ho er sliten, trøyt og litt hissig. Medan ho eltar deigen i den store oransje plastbollen, dreg ho i deigen, og eg ser små hull gjæren har laga, så seier ho: det er ikkje sikkert at eg og far din skal vera saman for alltid. Ho bårer fingrane sine, med dei lange djuprøde neglene, inn i den mjuke deigen. Me kan også finne på å skilje oss, akkurat som alle andre. Mor mi er ein elg og må gå sine eigne vegar.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Annonselenker: Lenkene nedenfor er annonser. Vi mottar provisjon hvis du kjøper boken via disse.

Henter priser