Nådens snøfall
Sammendrag
Gunvor Grødem er oppvaksen i Hardanger og gift med ein bonde på Jæren. Arbeidet på garden, med 4 barn, og etter kvart 14 barnebarn, har gjeve henne stor gleda og halde henne oppteken i alle år. Det var lite tid å skriva anna enn brev. I 50 årsalderen oppdaga ho at det var umåteleg gildt å skriva på rim. Seinare vart ho engasjert i Frøydis Nordbustad sitt bibelomsetjingsarbeid. Ho fekk den lukka å gje ut informasjon om Frøydis sitt prosjekt i bladet: "Nytt om Iraqw-Bibelen" i samarbeid med Nora Klungseth, som er administrator i arbeidet til Frøydis. Samarbeidet om bladet og det åndelege fellesskapet med Frøydis og med Nora Klungseth gav henne stor glede, velsigning og inspirasjon til mange dikt som og har stått i bladet. Sjå www.iraqw.org Boka inneheld og naturdikt og dikt som har vore til hjelp i tunge tider og i gode tider. Gunvor Grødem brenn for at andre må få sjå Skatten, Jesus, som ho har i sitt indre, så dei og kan opna seg for han. Det er sett tone til nokre av dikta, og dei er lette å syngja. Enda fleire kan tonesetjast og bli gode songar eller salmar. Arnkjell Bjerkenes.
Lån boken
Kjøp boken
Annonselenker: Lenkene nedenfor er annonser. Vi mottar provisjon hvis du kjøper boken via disse.
