Noko vil koma til å hende

Noko vil koma til å hende

2000
nno
ISBN: 9788251405881
Kopiert!

Sammendrag

NOKO VIL KOMA TIL Å HENDE -Brann?-Neppe, svarar Nils.-Nepe? spør Mias.Det ligg ei uro over heile hotellet. Ei gruppe sveltestreikar i kjellaren. Brannalarmen kimar stadig vekk, berre falsk alarm, men noko er gale likevel.Birger, femtini, hjartepasient og vaktmeisterassistent på mottaket, kjenner uroa i kroppen. Eit hotell med både lått og tårar, dette. Han vert ikkje klok på dei, dei mørkhuda. Det vert visst ikkje læraren Nils heller, eller Erik som er aktivitør og Norgesmeister i orientering. Men ho Selima treng hjelp, og vesle Hassan .Hadde det ikkje vore for den nye gondolbana, og sonen som ikkje ser at villreinen har vore eins i generasjonar.Det er noko som vil koma til å hende. Men vert det noko godt, eller noko gale? Noko vil koma til å hende er ein humoristisk og sår roman om fenomenet norsk asylmottak i tjukkaste fjellheimen. Med humor, vidd og eit skarpt blikk for det absurde, skildrar Eigil Steinsfjord rammande godt både einskilde lagnader og tendensar. Ein roman som har noko å fortelje.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser