Om skjønnheita i skaparverket
Sammendrag
Om skjønnheita i skaparverket er kamplyrikk. Mange av dikta beskriv - og fell verdidommar - over dei øydeleggjande fotavtrykka som levemåten i den rike, industrialiserte verda set på miljøet. Men også dei dikta som er lovsongar over skjønnheita i det skapte, som målar fram skaparverket med sine praktfulle fargar, former og mønster, åtvarar - om enn meir indirekte - om at dei vare, komplekse og fint avstemte prosessane i naturen står i fare for å bli øydelagde av den moderne veremåten.
I tillegg til dei destruktive sidene ved det moderne samfunnet utgjer dei tallause væpna konfliktane ein annan øydeleggjande faktor, og forfattaren, som er pasifist, beskriv krigen som ei meiningslaus og fåfengd form for motstand.
Lån boken
Kjøp boken
Annonselenker: Lenkene nedenfor er annonser. Vi mottar provisjon hvis du kjøper boken via disse.
