Så stal me ein båt
Sammendrag
Det er noko med 1950-talet som engasjerer og fasinerer. Krigen var over, optimismen var stor, og alle krefter trongs for å skapa den nye framtida. Gleda over betra velstand blant folk var enorm, fordi tronge kår og rasjonering blei erstatta av ny giv og oppbygging, Marshallhjelp og nye arbeidsplassar. Kva tid i historia har eit tiår romma slike endringar? Johanne Øvstebø Tveten er tilsett som undervisningsleiar ved Sunnhordland Museum på Stord. I denne boka har ho samla historier frå nokre som vaks i Sunnhordland på 1950-talet. Johanne Øvstebø Tvedten er oppvaksne delvis på Sunnmøre og delvis på Stord. Ho er lærarutdanna og har hovudfag i drama- og teaterpedagogikk, med mange år bak seg i skulen. I tillegg har ho arbeidd som høgskulelektor i Volda og i Bergen, og ho var lærar på Høgskulen Stord/Haugesund sitt studium i Munnleg forteljing i Etne. I 2003 vart ho tilsett som undervisningsleiar ved Sunnhordland Museum, og har sidan skrive og framført mange historiske forteljingar og skodespel frå Sunnhordland. Dette er fyrste boka hennar.
Lån boken
Kjøp boken
Annonselenker: Lenkene nedenfor er annonser. Vi mottar provisjon hvis du kjøper boken via disse.
