Samfunnsbyggjar

Samfunnsbyggjar

av Håkon C. Hartvedt,
2020
nno
ISBN: 9788293705079
Kopiert!

Sammendrag

DET GÅR NESTEN ikkje an å gi ut ei bok om Inge Halstensen utan å sleppa hans

eigne, spennande formuleringar til. Såleis har det vore naturleg for underteikna å la

Inge sitt frodige språk gjennomgåande få prega boka, og me har krydra med så vel

muntre historier som historier der Vårherre på heilt spesielt vis har gripe inn når det

braut på som verst. Om firmaet K. Halstensen og Inge har opplevd mykje suksess,

har det sannelig ikkje alltid voreein dans på roser.

Om boka er utgjeven av Fitjarposten Forlag, vonar me at ho vil femna langt vidare enn

det. I tillegg til detaljert historie om utviklinga av kyststaden og kremmerleiet Bekkjarvik,

fremjar boka og viktig historie om utviklinga av norsk fiskeri. Såleis har me og teke med

ein del artiklar Inge har skrive til ulike publikasjonar i denne samanhengen.

Det må elles understrekast at dette prosjektet ikkje er noko forsøk på å laga ein

autorisert biografi om Inge Halstensen, men me vonar å få mala eit bilete av ein mann

som ikkje berre er språkmektig, men som med arven frå Hans Nielsen Hauge i bagasjen,

har vore ein samfunnsbyggjar som har fått vera til stor velsigning for norsk næringsliv

- og ikkje minst for staden Bekkjarvik, der han bur.

Då me nærma oss sluttstreken, såg me at biletsamlinga me fann i Bekkjarvik var svært

interessant, historisk og estetisk. Derfor vart boka om Inge også ei illustrert biletbok

om Bekkjarvik, ei lita bygd i Sunnhordland som gjennom 350 år har nekta å døy.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser