Send meg eit brev frå Hardanger

Send meg eit brev frå Hardanger

2013
nno
ISBN: 9788281630581
Kopiert!

Sammendrag

Trur du at denne boka handlar om poststader og postruter ? eller frimerke og

stempel? Å ja då - det gjer ho, men Arne Eriksen argumenterer for at dei posthistoriske spørsmåla går djupare enn som så. Dei har til dømes å gjera med den gamle kona i Hardanger som sjølv ville lesa breva frå sonen i Amerika. Difor måtte ho læra seg å lesa. Utan slik kunnskap var det uråd å delta aktivt og personleg i den nye postale fellesskapen som utvikla seg på 1800-talet.

Dette er og historia om kva som skjer når ein godt vaksen frimerkesamlar tilfeldig

snublar over ei øskje med gamle fuktskada brev. Ei øskje som syner seg å innehalda livet til smeden Ole Aga som døyde barnlaus i 1891. Du får også høyra om postopnaren som tok verdiposten med seg i senga, og om posthuset som låg på ei fjellhylle vest for Hardangerjøkulen, 1307 meter over havet.

Ei bok for spesialistar på levd liv, lokalhistorie, samferdsle, brev og post, Hardanger og Noreg. Altså ei bok for alle.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser