Tiriltunger og brennenesler
Sammendrag
Om boken:
Hendingane i denne boka tek oss attende til åra frå 1930 og fram til tida like etter andre verdskrigen.
Me opplever spanande dagar med leik og moro over solfylte stølsvollar, men og dagar då styggevær og sjukdom rådde grunnen i fjellheimen. Her er fortalt om born sin farlege leik attmed skumle, islagde elvar, om julehøgtid og julefestar i grenda og om skule og skuletid som ikkje alltid var berre god for alle.
Boka fortel om born og born sine tankar og opplevingar i ei tid som var - og er såleis også ein kulturhistorisk dokumentasjon på det daglege livet i ei lita grend.
Foreldre - og serleg besteforeldregenerasjonen - vil kjenna seg att. Dei finn forteljingar som minner om hendingar og opplevingar frå eigne barneår - og som dei med eigne ord kan fortelja om til glede for den oppveksande slekta!
Om forfatteren:
Kåre Øvregard, fødd 19.02.1933 er yngstemann i ein syskenflokk på ti - fødd og oppvaksen på ein husmannsplass i Jostedal.
Han har i alle år delteke aktivt i idretts- og ungdomslagsarbeid. Han er også politisk engasjert og var mellom anna ordførar i heimekommunen og stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane fylke i tolv år (1975-1989).
Kåre Øvregard er serleg interessert i lokalhistorie, noko som har ført til at tre lokalhistoriske bokverk knytt til Luster kommune har tidlegare kome frå hans hand:
I tillegg til arbeidet med desse fakta-bøkene har Kåre Øvregard -som sjølv er fødd og oppvaksen på ein liten husmannsplass i Jostedalen der han tok del i det daglege arbeidet ute og inne sommar som vinter . tileigna seg fyrsteklasses og sjølvopplevd kjennskap til miljøet han no skriv om.
Lån boken
Kjøp boken
Annonselenker: Lenkene nedenfor er annonser. Vi mottar provisjon hvis du kjøper boken via disse.
