Tysnes

Tysnes

2014
nno
ISBN: 9788293325093
Kopiert!

Sammendrag

«Alle kommuner fortener ei fotobok.»

Denne påstanden stod på trykk i «Tysnes» 14. november 2013, og no står du snart med boka i handa.

Det handlar om å høyre til, å vera stolt. Det handlar om identitet, kjensler og ein heimplass.

Gjennom eit år endrar landskapet seg med årstidene og veret. Det ligg flatt og stille i den eine augneblinken før det i den neste reiser seg mot oss med ein vegg av vind og vatn.

Og gjennom eit år kryp det ei rekkje menneske kring i kommunen for å forevige desse augneblikka. Dei fer til fjells, snik seg under rotvelt, dei stoggar midt i vegen og luskar seg rundt på eit jorde.

Resultatet ser på du mellom desse to permane og me vågar oss frampå med ein aldri så liten kvalitetsgaranti. Her vil du sjå kjente stader og kjentfolk, her vil du smila og nikka, her vil du kjenna den stolte klumpen i magen.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser