Under falskt flagg

Under falskt flagg

2020
nno
ISBN: 9788232901807
Kopiert!

Sammendrag

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid

Bokserien Gull, gråstein og grums kjem her med fjerde og siste bind. Mens dei tre første binda har konsentrert seg om mineralutvinning i Noreg, ser denne boka på den internasjonale mineralverksemda, med glimt frå gruvedrifta i nokre utvalde land, og forholdet mellom desse og Noreg.

Dei fleste rike mineralressursar er allereie historie, og det blir drive på stadig fat- tigare malm og produsert stadig meir avgang. Gruvene legg beslag på stadig større område og forureinar stadig meir. Boka er eit forsøk på å bidra til svar på spørsmål som:

- Korleis vi har kome i denne situasjonen?

- Kven tener på å auke gruvedrifta?

- Kven betalar rekninga for dagens mineralutvinning?

- Kva krefter fremmer auka gruvedrift og kva krefter forsøker å bremse denne?

- Kan dette halde fram samtidig som befolkninga i verda veks og treng meir areal for

matproduksjon?

- Fører «det grøne skiftet» til mindre eller meir gruvedrift?

- Kva er løysinga? Gruver på havbotn, gjenvinning eller redusert forbruk? - «Grøne gruver» - Kva er det og er det mogleg?

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser