Vi har alltid budd på slottet
Sammendrag
Mitt namn er Mary Katherine Blackwood. Eg er atten år gammal, og eg bur i lag med søstera mi Constance. Eg har ofte tenkt at med berre litt flaks kunne eg ha blitt fødd som varulv, sidan dei to midtarste fingrane på begge hendene mine er like lange. Men eg har måtta nøye meg med det eg har fått. Eg likar ikkje å vaske meg, hundar eller bråk. Eg likar søstera mi Constance og Richard Plantagenet, han frå Rosekrigane, og den dødelege flugesoppen Amanita phalloides. Alle andre i familien min er døde. Det har gått seks år sidan den tragiske hendinga som tok livet av nesten heile familien Blackwood. I skjul frå resten av landsbygda puslar Constance i hagen og kjøkkenet, onkel Julian arbeider med papira sine, og Merricat grev ned sølvmyntar i bekken og kviskrar magiske ord i mørket som vern mot vonde blikk. Då fetter Charles uventa dukkar opp, blir tryggleiken deira truga. Merricat er villig til å gjere kva som helst for å verne søstera og heimen, og hindre at gamle løyndommar kjem fram i lyset. Vi har alltid budd på slottet er eit hypnotisk, urovekkjande meisterverk, rekna som ein av dei viktigaste og mest innflytelsesrike gotiske romanane i moderne tid. No for første gong på norsk, omsett og med etterord av Laura Djupvik.
