Vikingar i Middelhavet
Sammendrag
Vikingane sin plass i sør-europeisk historie er større enn folk anar. Boka kartlegg spora av vikingar i Frankrike, Spania, Italia og andre middelhavsland. Det er trekt opp bakgrunn for folkevandringar og sivilisasjonshistorie, og kjeldene er støvsugd i mange land. Ein vert teken med på ei forbløffande reise i eit uferdig Europa. Vikingættlingane tek del i korsvandringa, og deira toleranse og æresfølelse vert framheva når dei tek kristendomen og kjempar mot korrupte og grådige pavar; Normannarane styrde ei rekke kongerike kring Middelhavet: Sør-Italia med Sicilia, Malta, kysten av Libya,Tunisia og Algerie, forutan Sardinia, Jerusalem og Antiokia og hadde dronningar i Aragon og Portugal. Gjennom boka er det levert ny kunnskap og rissa opp nye perspektiv.
