Akantus
Sammendrag
Akantus er ei treårsbok for kunst og handverk på ungdomstrinnet. «Oppleving – uttrykk – refleksjon» Desse omgrepa gjennomsyrer heile verket. Biletmaterialet er rikt og variert. Elevboka gir faglege overblikk og djupdykk, og oppgåvene er praktiske og differensierte. Her har lærarar og elevar rikeleg tilfang å velje i. Treårsboka gir læraren full fleksibilitet og er til god hjelp i årsplanlegginga. Elevane kan bruke boka som oppslagsbok når dei skal repetere eller ønskjer vidare fordjuping. Nytt i 2. utgåva: • Faget har fått færre timar på ungdomstrinnet. Derfor er boka mindre i omfang. • Fagstoffet er praktisk retta. • Mange nye illustrasjonar. Også i denne utgåva blir det lagt opp til å bruke illustrasjonane aktivt i undervisninga. • Kvart kapittel sluttar med ei avrunding: «Kva kan du gjere no?» • Oppgåvene er differensierte, markerte med symbol for vanskegrad. • Eit fleirtal av oppgåvene er praktisk retta. • Større fokus på arkitektur, teknologi og design.