Anno 1902

Anno 1902

2024

Sammendrag

Kaptein Pedersen og hans besetning legg ut på ny Sør-Amerika-tur etter å ha

overvintra på klyngetunet Henjum i Hermansverk. Nordnes Viking har vore på

verkstad i denne tida. Me kan trygt seia det slik at det vart nokre romantiske

månadar der inne på Systrond. Boka handlar om kapteinen og bonden Eivind

Pedersen og hans unike mannskap.

Kaptein Pedersen er ein balansert og dyktig leiar både på sjø og land. Med

hell og dyktigheit får han mannskap og skip ut av kritiske situasjonar, som

det framleis er mange av rundt 1900-talet på dei sju hav. Sjørøvarane si tid

er ikkje over, og dei samarbeider med og vert styrd av folk høgt på strå i både

politikken og forretningsverda.

Telegrafi har modernisert sjøtransporten mellom Amerika og Europa rundt

1900-talet. Ikkje minst telekabelen mellom Norge og Skottland og telekabelen

mellom Irland og USA har vore eit gode for heile Vest-Europa og Amerika og

ikkje minst Norge, som har stor eksport av fisk ut i verda. Sjølvsagt utnyttar

òg kjeltringane oversjøisk kommunikasjon til sin fordel.

På denne nye Sør-Amerika-turen får ikkje Pedersen berre sjørøvarar å stri med.

Ho Johanna, kona til kaptein Nilson, har kjøpt seg plass på Nordnes Viking

sin nye tur til Rio. Ho vil på leiting etter mannen sin, for ho har ikkje høyrt frå

han på eit lite år. Pedersen har på denne reisa med eit giftelystent mannskap

som har vore på friarføter inne på Systrond. Ein av mannskapet har arva ein

gard i klyngetunet Henjum, som har historisk sus frå lenge før vikingtida. Fire

bryllaup og ein konge samstundes på Systrond er ikkje daglegdags.

Gardsdrift krev litt meir kunnskap enn sjøfolka har frå ei seglskute. Fleire av

mannskapet om bord på Nordnes Viking har vakse opp på gard, det er verre

med arvingen, som kjem frå tjukkaste Bergen. Alt må lærast frå botnen av,

men med god hjelp av gode naboar på Henjum og kollegaer om bord i Nordnes

Viking vert desse ungdommane ein styrke for bygda.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?