A-B-C for handtering av mobbing

A-B-C for handtering av mobbing

2020
nno
ISBN: 9788230020753
Kopiert!

Sammendrag

Korleis gripe inn når mobbing blir meldt?

«A-B-C for handtering av mobbing» er eit hefte som i tekst og videosnuttar viser korleis du steg for steg som lærar eller PP-rådgjevar skal handtere meldte mobbetilfelle. Forfattaren har luka bort alle «om» og «men», og er overtydd om at med riktig haldning og systematisk inngrep, kan dei aller fleste mobbesakene løysast på ein sikker måte. Han er motstandar av alle skremselsstrategiar, der hensikta synest å vere å skremme mobb til å endre åtferd.

Arne Opheim er cand.ed. frå Universitetet i Oslo. Han har praksis som pp-rådgjevar frå barnehage til vidaregåande skule, har arbeidd som rektor i grunnskulen, og har undervist på alle nivå i grunnskulen, vidaregåande skule og høgskule. Han var ein av fem ressurspersonar frå Møre og Romsdal som kring hundreårsskifte deltok på dei to nasjonale prosjekta «Mobbing i skolen» og «Skolemekling» Han har arbeidd med mobbesaker i meir enn tretti år, og har i like mange år hatt ei mengde kurs for skular og næringsliv.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser