Austrheim i fortid og notid. Bd. 3
Sammendrag
"Austrheim i fortid og notid" er eit bokverk i fire bind om Austrheim si historie. Dei tre første binda er gards- og ættesoge, medan bind 4 er allmenn bygdesoge 1800-2000. Bind 3 inneheld nesten 1000 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap i Austrheim. Det er tabellar, figurar, kart og register i boka. Ho omhandlar gardane Austrheim, Bergsvika, Lerøyna, Dyrneset, Rebnor, Øksneset, Børilden, Langøyna, Krossøyna, Rongeværet og Sævrøyna. Boka startar med det første me har av skriftlege kjelder på 1300-talet. Kjeldene er særs sparsame før ein kjem til andre halvdel av 1500-talet. Brukarrekkjene går for det meste frå då og framover. Frå slutten av 1600-talet er det mogleg å finna ut slektssamanhengane, slik at det kan setjast opp anetavler som går attende til denne tida. Opplysningane i boka er førte fram til 2006.