Folkeskulelærarar i Fattig-Noreg

Folkeskulelærarar i Fattig-Noreg

2006
nno
ISBN: 9788251920568
Kopiert!

Sammendrag

Denne boka fortel om folkeskulelærarane sin innsats i første halvdel av det tjuande hundreåret. Ho illustrerer korleis det var å vere lærar kringom i vårt langstrakte land. Ho viser ideala lærarane tøygde seg etter i skulen, og korleis arbeidet blei verdsett av barn og foreldre. At fritidsinnsatsen deira kunne vere imponerande, blir dokumentert. Nokre stod fram som politiske leiarar, også på det nasjonale planet, nokre var musikarar, forfattarar og skribentar medan andre samla og forska. Boka utdjupar sumt som andre har vist oss om folkeskulelærarane, men legg også fram heilt ny kunnskap, ikkje minst om rekrutteringa til yrket, om lærarutdanninga og lønsvilkåra, om etter- og vidareutdanninga, om diskrimineringa av kvinnelege yrkessøkarar og om hamskiftet i lærarutdanninga mot slutten av perioden. Dette er ei bok for lærarar i dag, for lærarstudentar, for utdanningsforskarar, for lærarutdannarar, for skulepolitikarar og kanskje ikkje minst for den folke- og grunnskulelærargenerasjonen som no nyt sitt otium. Forfattaren har bakgrunn som folkeskulelærar og professor i pedagogikk.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Annonselenker: Lenkene nedenfor er annonser. Vi mottar provisjon hvis du kjøper boken via disse.

Henter priser