Bank i bondeland

Bank i bondeland

av Lars Gaute Jøssang,
2011

Sammendrag

Bank i bondeland er historia om Time Sparebank. I boka blir utviklinga frå «den lange starten» i 1911 og heilt fram til i dag rulla opp. Det var bønder som etablerte, dreiv og brukte Time Sparebank. Og lenge var det nærast tale om ein rein «bondebank». I dag er det folk med bakgrunn i industri og tenesteyting som gjer mest av seg.

«Banken i samfunnet, samfunnet i banken» er det berande perspektivet. I boka blir banken heile tida sett i lys av samfunnet og samfunnsutviklinga. Dermed har dette blitt ei historie ikkje berre om Time Sparebank, men like mykje om utviklinga på Jæren og i Time.

Boka byr på rundt 100 nye jærbilete, fanga inn av fotograf Helge Hansen.

Lars Gaute Jøssang kjem frå Strand i Ryfylke. Han er historikar, og har arbeidd både med lokalhistorie, industri- og arbeidslivshistorie, oljehistorie og kristenlivshistorie ofte med utgangspunkt i jærske tilhøve. Den nye Sandneshistorien (Fagbokforlaget 2010) var han også med på. Jøssang er tilsett ved NLA Høgskolen i Bergen.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?