Dialogbasert utvikling

Dialogbasert utvikling

2014
nno
ISBN: 9788293351115
Kopiert!

Sammendrag

Mobilisering handlar om å få andre med. Korleis engasjera og mobilisera i ei tid der me druknar i medietilbod og fritidsaktivitetar?

Både private og offentlege utviklingsaktørar møter denne krevjande utfordringa. Folk sin rett til medverknad i utviklingsprosessar er no og nedfelt i plan og bygningslov.

Men kva er eigentleg «medverknad» i praksis? Rett til å levera eit høyringssvar? eller til å delta på eit informasjonsmøte?

Denne boka presenterer ein modell for mobilisering som går langt vidare: dialogbasert utvikling er å gje reelt eigarskap til idear, mål og utfordringar. Gjennom dette verktøyet får den enkelte deltakar rom og høve til å skriva seg inn i oppgåvene. Ein deltar ikkje lenger for å realisera andre sine mål og planar, men som ein aktiv og engasjert aktør med eigarskap til prosessen.

Me treng eit langt meir deltakande lokaldemokrati, eit folkestyre som i større grad inviterer enkeltmenneske inn som aktive samfunnsutviklarar. Me treng rett og slett demokratifornying, skriv bokforfattaren, Dag Jørund Lønning.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser