Dansetimar for eldre og vidarekomne

Dansetimar for eldre og vidarekomne

av Bohumil Hrabal,
2003

Sammendrag

Om du samlar dei mest utrulege historiene du har høyrt; alt som har skjedd med venar, med familie, i skogar, ved innsjøar, på gata og i lukka rom . ja, då kunne det komma til å se omtrent slik ut som denne utrulege romanen. Ein slags krysning mellom Bellman og Hugo Claus: vill og morosam og mørk. Her sit ein gammal tsjekkisk skomakar og fortel nokre unge frøkner om kva som går for seg der ute i verda. Han snakkar på innpust og på utpust, i eit feiande tempo, for at dei unge frøkner skal få eit innblikk i alt som skjer, og har skjedd, og kan skje; frå det mest gjenkjennelege til dei mest ugripelege historier. Bohumil Hrabal (1914.1997) var jurist av utdanning, men hadde eit mangfald av ulike jobbar i løpet av livet sitt . og eit makalaust godt minne. Nokre av historiene er så utrulege at dei kan sjå ut som reine skrøner, men forfattaren påsto sjølv at alt det han skreiv om, verkeleg hadde skjedd. Romanen er beintfram og tilgjengeleg, bresteferdig av historier og tek minimal plass!

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?