Det store forsvinningsnummeret

Det store forsvinningsnummeret

av Ian Sansom,
2008

Sammendrag

Israel Armstrong - urban lesehest og vegetarianar frå London - er stranda i avkroken Tumdrum på den nordirske landsbygda. Der køyrer han bokbuss om dagen, mens han om natta er innlosjert i eit omgjort hønsehus hos Devine-slekta. Han mistrivst, og kan ikkje førestille seg at livet kan bli verre. Men det kan det. For då Israel ein morgon parkerer utanfor Dixon & Pickering Stormagasin med bokbussen full av utstillingsmateriell til den lokale supermarknadens hundre års jubileum, er butikken rana og innehavaren borte vekk. Helten vår har akkurat rukket å gni fingeravtrykka sine over heile åstaden i det politiet kjem... Det store forsvinningsnummeret er klassisk britisk hyggelesing; ei varm og humoristisk forteljing med ein skikkeleg antihelt i førarsetet.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?