Dikt i samling

Dikt i samling

2000

Sammendrag

Olav H. Hauge (1908-1994) debuterte i 1946 og gav ut seks diktsamlingar. Ei rad nye dikt fletta han inn i dei samla utgåvene. Han gav òg ut fleire samlingar med gjendiktingar. Olav H. Hauge, vår fremste norske lyrikar i etterkrigstida, var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv "ein vanleg arbeidsmann". I norsk bokheim vart han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og vide kunnskapar. Han gav ut gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda; gjendiktingar er komne på eit kvart hundre språk.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?