Diktardraum

Diktardraum

2003

Sammendrag

Då forfattaren Knut Hauge (1911-1999) døydde i 1999, lét han etter seg fem handskrivne dagbøker frå åra 1931-1940. Desse notata har sonen Gunnar Hauge samla i boka som no ligg føre. Dagboka gjev eit detaljert bilde av dagleglivet i ei bygd før krigen. Vi følgjer forfattaren i arbeid og foreningsliv, i religiøse grubleri og ung kjærleik, og ikkje minst i den målmedvitne striden for å bli diktar . ein draum som var realisert åtte år etter at dagboka sluttar, med romanen Krossen under Torfinshø (1948). Debutboka skulle seinare bli omarbeidd til første bandet i hovudverket til Hauge, Sagen om Ulfsætta. Verket vart fullført med romanen Juvet i 1978. Då hadde han motteke Aschehougprisen for arbeidet sitt, og samtidsromanen Ein roman om kjærleiken og døden (1976) var komen ut i Den norske bokklubben - i eit opplag på over 120 000 eksemplar, og dermed ei av dei nynorske bøkene som har hatt størst opplag nokon gong. I dagbøkene kjenner vi òg att motiv og hendingar som seinare vart omarbeidde i bokform . først i Verda var atter ung (1950), seinare i Sagaen om Ulfsætta. I dagboka får vi det ufriserte, subjektive og dagsferske inntrykket. Siktemålet med utgjevinga har vore å presentere stoffet så fullstendig og autentisk som råd. I språket vil ein kunne følgje utviklinga til ein som .vart umvendt til målet. medan han gjekk på framhaldskulen, og som gradvis valde bort dei eldre formene til fordel for eit moderne nynorsk. Berre nokre heilt få passasjar er redigerte bort. Elles er teksta uendra slik han sjølv førde dagboka i pennen i seine kveldsstunder i ungdomen.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?