Ei halvøy i Hardanger

Ei halvøy i Hardanger

av Svein Nord,
2013

Sammendrag

Ei halvøy med alt sitt liv

Kva kan vi oppdaga og oppleva i den«alminnelege» naturen vi har rundt oss?

Dette er ei bok med forteljingar om livet i naturen og om det historiske landskapet på ei halvøy i Hardanger. Det kunne ha vore kvar som helst, men her har mange forskarar vore og henta kunnskap, og derfor gjev Neshalvøya eit innhaldsrikt bilete av kvardagslandskapet. Det er dette som er kjernen i den europeiske landskaps-konvensjonen ? kvalitetane og verdiane i landskapa vi bur og lever i. Vi får følgja forskarane på leit etter planter og små og store skapningar; eit livsmangfald som opnar seg i fjøra, på strandberga, i skogane, på myrane og i kulturlandskapet kring vestlandsgardane. Vi oppdagar eit rikt naturliv ? i vatn og bekker, i gøymestader i gammal skog, under torv og steinar ?her finn vi «spesialistar» som har vore i dette landskapet i fleire tusen år. Her finn vi det ualminnelege i det alminnelege.Boka inspirerer til ei oppdagingsferd i landskapet tett innpå oss ? ei vandring på ei halvøy ved Hardangerfjorden.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?