Eigedomsteori
2025
Sammendrag
EIGEDOMSTEORI I DAGENS SAMFUNNSFAG er sterkt påverka av økonomisk tenking. Framveksten av den institusjonelle tenkinga omkring økonomisk verksemd på 1960-talet og utover la grunnlaget for dagens syn på eigedomsinstitusjonen, ikkje berre innan økonomi, men også innan statsvitskap, sosiologi, antropologi, rettsvitskap og filosofi.
Eigedomsrett til fast eigedom – jord, skog, fjell og vatn – er kjernen i denne boka. Men for å skjøne breidda i eigedomsinstitusjonen er det verd å hugse at eigedom eksisterer der vi finn legitime reglar for konkret tileigning av ein del av røyndomen. I moderne tid har tanken om individuell eigedomsrett blitt freista utvida med til dømes retten til å ut øve ein profesjon. Slike diskusjonar illustrerer korleis måten ein tenkjer om individuelle rettar og plikter på, vert ein sentral del av eigedomsinstitusjonen.
I eigedomsfaget treng vi teoritilfang frå dei ulike samfunnsvitskapelege fagområda for å forstå eigedomsretten og eigedomsforholda, og for å kunne handle fornuftig som profesjonelle fagpersonar. I boka koplar vi eigedomsteorien til jordskifte, grunnerverv og arealplanlegging. Det er lagt stor vekt på å presentere og drøfte viktige omgrep og samanhengar mellom omgrep. Boka er relevant for dei som studerer eigedomsfag.

Lån boken
Henter lånestatus
Kjøp boken
Henter priser