Ekko

Ekko

2005

Sammendrag

Ein roman om korleis ein eigentleg til slutt skal fortelje historia om livet sitt. .Litt ut på ettermiddagen den 13. mai 2001 skulle alt kome til å ta ei ny vending.. Lasse Echo trakkar på ein rusten og tjukk spikar, og det skal kome til å få avgjerande konsekvensar. Han blir lagt inn på sjukehus, og blir tvinga til å erkjenne at livet står i stampe. Kva er det han eigentleg vil? Kvar er han på veg? Lasse Echo har ikkje nokon, eller nokonting. Heime igjen etter sjukehusopphaldet blir han tatt vare på av naboen og utleigaren Walter Winthrop Winther, og den gryande venskapen med Walter opnar for nye moglegheiter for Echo. Plutseleg blir han kasta ut i ei verd han ikkje kjenner, han er nøydd til å følgje dei tilfeldigheitene som styrer livet hans . men med von om at han kan kome ut av det, som eit anna og kan hende betre menneske. Øyvind Vågnes (f. 1971) debuterte i 2003 med romanen Ingen skal sove i natt. Ekko er ein roman om å miste kontrollen, om forandring, om å finne seg sjølv, og om korleis ein til slutt skal fortelje historia om livet sitt.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?