Englatrollet Elea er modig

Englatrollet Elea er modig

av Janne Nerheim,
2014

Sammendrag

Boka handlar om å ha mot til å seie i frå om noko ikkje er slik det skal vere. Englatrollet Elea skal byrje på skulen, og opplever mobbing i sitt møte med dei store trolljentene i skuleskogen. Boka er eit godt utgangspunkt for samtalar om mobbing, og utfordrar dei minste til å tenkje over korleis dei er mot andre, og korleis andre er mot dei.

"Trolla i dei djupe, norske skogane vert ofte omtala som dumme, farlege, og feige.

Samstundes nytter me ord som godhjerta, rettferdige og omtenksame om himmelens englar.

Så, kva er eit englatroll?

Jo, det er eit lite troll som har mot til å vera annleis. Eit troll som har mot til å seie meiningane sine, eit som tør å stå opp for seg sjølv og for andre småtroll. I denne vesle boka får du møte eit heilt spesielt englatroll for aller fyrste gong".

Passer for barn mellom 3 og 8 år, men me har også fått svært god respons frå 9 og 10-åringar.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?