Fair Isle-strikk

Fair Isle-strikk

av Carina Olsson,
2024

Sammendrag

Mønsterstrikk frå Shetland.

Fair Isle-strikking er tradisjonell og vakker fleirfargestrikking frå Shetlandsøyane med mønsterbordar i ullgarn. Fargane i mønstera er naturnære og hentar inspirasjon frå det karrige landskapet og det særmerkte lyset på Shetland. Typisk for strikketeknikken er at fargar blandar seg i bordane og står fram på nye og uvanleg vakre måtar. Teknikken er enkel; det vanskelege er å blande fargar og nyansar som gjer at mønstera står fram.

Boka gir deg inspirasjon og innføring i korleis du kan bruke og kombinere fargar, men også historikk om Fair Isle-strikking. Dessutan inneheld boka oppskrifter på genserar, luer, halsar, vottar og vesker og innføring i strikketeknikkar. I mønsterbiblioteket finn du Fair Islemønster til dine eigne prosjekt.

Frå svensk ved Aud Søyland.

Carina Olsson er tekstilkunstnar og kurshaldar med Instagram-kontoane @kallmink og @cariknit. Ho er ein av dei fremste ekspertane i Sverige på Fair Isle-strikking og har gjeve ut ei rekkje bøker på handarbeidsfeltet. Ho har ei uvanleg evne til å fange fargane i naturen ved hjelp av nyansane i garnet frå Shetland. Ho strikkar ofte meir tradisjonelle mønster, men blir samtidig inspirert til nye kombinasjonar.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?