Fangebrev

Fangebrev

2008

Sammendrag

Fangebrev er ikkje ei bok om krigen, men om korleis krigen var for Sonderlagerfange 200, Olav Skjerven (f. 1918) frå Vik i Sogn. Han var ein av dei mange politimenn som vart arresterte 16. august 1943 og sende til den tyske konsentrasjonsleiren Stutthof ved Gdansk i Polen. Under fangenskapet fekk Olav både skriva og motta brev, sjølv om dei alle var sterkt sensurerte. Breva med livsteikn heimefrå gav håp om at han skulle overleva, dei var så god trøyst at han aldri la dei frå seg. Dagen då leiren vart frigjort, 3. mai 1945, hadde han magetyfus, vog 50 kg og hadde feber på over 41 gr. Han var sikker på at han skulle døy, men greidde som ved eit under å få med seg alle breva heim. Den 9. juni 1945 sto han igjen i tunet på høgdegarden Ovrid i Vik. Gjennom 1 år og 9 månaders fangenskap sende Olav sjølv 14 brev, og han fekk 74 brev heimafrå. Desse 88 breva gjev ein eineståande dokumentasjon om kva kontakt ein krigsfange kunne ha med slekt og vener heime. Mykje vart fortald, men endå meir stod mellom linjene.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?