Fangeteneste
2001
Sammendrag
På gata står kastanjeseljarar ved kontrollert open eld. Og mannen som går inntil kroppen til kvinna si, stoppar opp og ber om å få i handa varme kastanjar hylla i brunt papir. Øvd reinsar han kastanjane og byr kvinna. Og ho tar i mot, ho går nærare og let kastanjen, hausta i rett tid, steikt ved rett varme, gli inn i munnen. Prosatekstane i denne boka er ein serie av bilete som stiller skarpt på kjensler av kjærleik, hat, tiltrekking, pasjon, avstand og forfall. Den kjølige overflata er eit stilsikkert uttrykk for den ubehagelege og svarte versjonen av forhold mellom menneske.
Lån boken
Henter lånestatus
Kjøp boken
Henter priser