Fattigfolk i Bergens stift 1755-2005

Fattigfolk i Bergens stift 1755-2005

av Svein Indrelid,
2005

Sammendrag

Dette er ei bok om utgrupper i bygd og by på Vestlandet gjennom 250 år, om dei som ikkje kunne eller ikkje ville syte for seg sjølve. Dei verdige fattige var dei som ikkje kunne: fattige born, dei vanføre eller kronisk sjuke og dei gamle. Dei som ikkje ville var uverdige og farlege: landstrykarane, dei arbeidssky, drukkenboltane, dei kriminelle og dei prostituerte. Lovverket gav reglar og rammer for korleis fattigfolk skulle handterast. Langt tilbake var det ætta sitt ansvar. Den som ikkje hadde ætt, var ille ute. Trellar som kom i armod skulle ein grave grav til, og la dei døy. Kristendommen kom til landet og gav dei fattige rettar og kravde meir human behandling. I 1755 tok det offentlege ansvar og Kongen gav ei forordning for korleis fattigvesenet i Bergens stift skulle ordnast. Det skulle verte slutt på tigginga, dei arbeidsføre skulle setjast i arbeid, om naudsynt med tvang. Kvart sokn skulle syte for sine og ha fattigkommisjon og fattigkasse. Dei verdige skulle få hjelp. Denne boka fortel om bakgrunnen for fattigforordninga, om korleis det gjekk med innføringa av denne, om kjeldene og korleis samfunnet leita etter løysingar for handteringa av fantane, drankarane og resten av dei "uverdige" fattige.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?