Folket langs fjorden

Folket langs fjorden

av Oddgeir Bruaset,
2016

Sammendrag

Historia om folket langs Storfjorden er ei historie

om eit liv i slit, eit liv i fare, men òg eit liv som har eventyrets

glans over seg, sett med dagens auge. Dei levde i stupbratte

fjellsider, ute på stupkanten, innunder fjellhamrar, og dei levde av

det naturen kunne gje dei, grastuster til krøtera, gras dei henta overalt,

nede ved strendene, oppe på hamrane. Furua og lauvskogen i liene

vart byggjevyrke til alle dei hus dei trong, til ved og varme og til reiskapar

og andre hjelpemiddel dei hadde bruk for. Som oftast budde dei i

lang avstand frå kvarandre, og vegen mellom heimane var ein krøterstig

i brattfjellet, der snøskreda og steinspranga truga. Men trass slitet og trass

faren kjende folket ei lukke over å få det til, vere sjølvhjelpte, sleppe å vere

andre til last.

No har folket søkt lunare lende, men titt går lengten attende til fridommen

dei kjende der oppe på hyllene sine. Og det finst jamvel menneske som i seinare

år har søkt attende til dei veglause gardane langs fjorden, sjølv om deira

liv er meir lettvint enn det forgjengarane hadde.

NRK-journalisten Oddgeir Bruaset laga i 1989 eit oppsiktsvekkjande TVprogram

om folket langs Storfjorden. Frå dette programmet går det ei bein

line fram mot TV-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Eit par

år etter programmet frå Storfjorden skreiv han si første bok. Ho handla

om storfjordfolket, og ho vart starten på ein forfattarkarriere som femner

om meir enn 25 bøker.

Denne boka byggjer vidare på dei andre bøkene frå Storfjorden, men

ho inneheld så mykje nytt stoff og så mange fleire bilete - for det

meste tekne av fotokunstnaren Per Eide - at det er ei ny bok

meir enn ei ny utgåve.

FOLKET LANGS FJORDEN ER EI BOK OM VÅR

FORTID, MEN EI BOK FOR VÅR SAMTID.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?