Fotball i 100 år

Fotball i 100 år

2023

Sammendrag

I 1922 kom åtte fotballklubbar i Sogn og Fjordane saman og stifta Sogn og Fjordane fotballkrets. Hundre år seinare har talet på klubbar auka til 72, og meir enn ti prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane er medlemmer i ein fotballklubb.

Denne boka summerer opp 100 år med fotball i Sogn og Fjordane, med vekt på dei siste 30 åra. Den viser utviklinga frå tida då det vart spelt fotball på sandstrender og slåttebøar, til vi i dag har storhallar, grasbaner, kunstgrasbaner og bingar. Her kan du lese om dugnadsarbeid og profesjonalisering, om leik og alvor. Om trenarar, dommarar og spelarar, frå dei aller yngste på miniputt-turneringane til dei profesjonelle spelarane i inn- og utland. Spesielt dei siste 50 åra har fotballen i Sogn og Fjordane utvikla seg med rekordfart, og fotballkretsen har blitt ein stor og moderne organisasjon.

Fotball i 100 år har også eigne kapittel om 76 klubbar og meir enn 130 baner i Sogn og Fjordane, saman med ein omfattande statistikk-del. Boka er rikt illustrert.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?