Fritt etter Fridtjov

Fritt etter Fridtjov

av Fridtjov Urdal,
2015
nno
ISBN: 9788282400893
Kopiert!

Sammendrag

Kva meining ordet har

er sagt av ordet før

og ordet etter ordet.

Kvifor ein driv med slikt,

setje i hop ord til meining.

Snu og vende på dei.

Kan det vere meir enn ei

meining i meiningsløysa?

Føreord:

Har du funne på det sjølv, har eg vore spurd. Tja ja, og tja nei. Kva ein har høyrt og sett, og kva ein har funne på. Det er så mykje som har vore tenkt, skrive og sagt her i verda, det skal mykje mot til å hevde det er mitt, min tanke, min idé. Det vil om så gjort falle noko storaktig. Nei, ein får vere nøgd om ein har kara til seg ei og onnor allmenn sanning og gjeve den ei form så folk ser og kjenner henne. Betre enn å suge alt av eige bryst, er å vite kva bryst det er verdt å suge. Dei fleste av oss får vere nøgde med det.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser