Fyrfolk

Fyrfolk

2006

Sammendrag

Fleirtalet på Stortinget har ikkje bruk for fyrfolk lenger, 350 år ette det første norske fyret. Nokre meiner det er feil. Andre synest det er greitt. I denne boka møter du fyrfolket, dei som hadde heimen sin på dei fjerne utpostane, passa lyktene, melde vêret og såg til at norskekysten vart ein tryggare stad å ferdast. Dei fortel om oppvekst og arbeid, naturkrefter og dramatikk, sjukdom og isolasjon, forelsking og draumar og om avfolking og forfall. Boka handlar også om menneske som tenkjer nytt for fyrstasjonane, og brukar kreativitet og krefter på å gjere dei gamle, kjære kystsymbola til reisemål og samlingspunkt. Boka er ei reise i tekst og bilete på 14 fyr på Vestlandet, frå Grip i nord til Obrestad i sør. Boka inneheld også fakta om alle dei 83 fyra som er eller har vore på Vestlandet. Heidi Eikremsvik Lindaas (f. 1958) er journalist, fødd på Sula på Sunnmøre og busett i Røyksund ved Haugesund. Dette er debuten hennar som forfattar. Thomas Bickhardt (f. 1963) er tysk psykolog, sjømann og fotograf, busett i Selje. Han budde i mange år på Kråkenes fyr, der han og kona Bettina har drive fyrkafé og overnattingsstad sidan 1994. Han var fotograf i besteljaren "Havlandet" (2001)unnmøre og busett i Røyksund i Rogaland.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?