Garden under jorda
2019
Sammendrag
Dikta i denne samlinga er forankra i ei verd som dei fleste vil kjenne igjen. Vi ser ein gard omgitt av husdyr og gardbrukarar. Men diktas uttrykk for einsemd og lengt kan også vere fabulerande. Til dømes legg bondesonen kjøtslintrer i jorda i håp om at dei vil vekse fram til det tittelen skildrar: Garden under jorda. Han ønsker å bli forstått, å bli sett, å skape og forme eit liv. Utdrag frå samlinga:
[...]
det var berre meg og far igjen på garden
og eg tenkte på den siste haustdagen
som glei over frå det lysaste milde
til den mørkaste kulden
frå kjøtet var frakta inn i huset
til veden var kløyvd
skifta årstida
med eit øksehogg
Lån boken
Henter lånestatus
Kjøp boken
Henter priser