Haugalendingen

Haugalendingen

av Øystein Nilsen,
2023

Sammendrag

Vi byr på artiklar om Risøybrua i Haugesund, nedlagde skipsvervar Hogganvik, ei vervarstove på Nedstrand, ein hummarpark på Nordre-Vågholmen på Bokn og sildesalteriet Staalehuset på Hasseløy i Haugesund. Felles for dei alle er at dei fyller funksjonar som menneska har hatt behov for, knytta til kommunikasjon og ulike typar industri, vareforedling og ein stad å bu.

Risøybrua, som Øystein Nilsen skriv om, knytta Risøy til fastlandet. Då brua opna i 1939, erstatta den båten, som hadde frakta folk og varer så lenge det har budd folk i Haugesund. Byggverket representer eit godt stykke ingeniørkunst, og det er den same brua vi går og køyrer over den dag i dag. Staalehuset på Hasseløy, som Arild Bjordal skriv om, blei oppført i 1916. i ei tid med økonomisk vekst i Haugesund. Da var sildesaltinga og eksporten framleis er ei viktig næring i byen. Staalehuset står her enno, 107 år etter oppføringa, som eit monument etter sildesaltinga, og ruvar på kanten av øya, ut mot Karmsundet og skipstrafikken.

Det er ikkje alle byggverk som har blitt ståande, eller har tålt tidas tann like bra. Skipsvervane i Hogganvik, som Monica N. Haugan og Ola Lagarhus skriv om, var to av fleire vervar i Ryfylke som blei etablerte frå 1850-åra. Dei vaks seg større etter at det rike sildefisket tok slutt i 1870, då ei heil sildenæring endra kurs og investerte i skip. Då vervane blei lagt ned i 1880-åra var ein æra, med dei store seglskipa forbi. Nokre av bygningane, og særleg dei som var knytta til skipsbygginga er seinare revet eller flytta til andre stader i distriktet. Dette er og tilfelle med vervarstova på Nedstrand, som Dagfinn Silgjerd skriv om. Då Tonningverven, etablert på Stranda i 1860-åra, var i drift, blei ho nytta som bustad for arbeidarane, fram til den verven blei nedlagt i 1880-åra. Stova er sidan demontert, lagra på museum, og har ei litt uviss framtid. Litt annleis er det med hummarparken på Nordre Vågholmen, på Austre Bokn, som Birger Lindanger skriv om. Hummarparken, byg

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?