Havfiskeflåten i Møre og Romsdal og Trøndelag
Sammendrag
Første bindet av havfiskeflåtens historie i Møre og Romsdal og Trøndelag tek for seg hundreårsperioden 1860-1960. Vesteuropeiske land hadde i lang tid drive havfiske før ein for alvor begynte med bank- og havfiske på Sunnmøre. Ålesund var lenge sentrum i dette fisket. Heile hundreårsperioden brukte ein likevel fiske langs Norskekysten som fundament for stadig å søkje fjernare farvatn. Ålesund drog også med seg nærliggjande bygder. Ein føresetnad for eit slikt hav- og fjernfiske var dampfartøya. Seinare kom overgangen til dieseldrivne fartøy, som igjen auka aksjonsradiusen. Hundreårsbolken var prega av kombinasjonsdrift, der vintersildfisket ved Norskekysten kunne kombinerast med selfangst, sildefiske ved Island, lineturar til Island og etter kvart Grønland og Newfoundland.
Boka kjem grundig inn på fartøya, reiskapstypane og arbeidet til fiskarane på dei forskjellige felta. Også dei tilknytte næringane på land blir omtala. Viktige politiske spørsmål, åndsliv, kultur- og samfunnsliv får også brei plass i boka.
Historia om havfiskeflåten i Møre og Romsdal og Trøndelag er det første fiskerihistoriske arbeidet i Noreg som set fokus på havfiskeflåten. Verket har blitt til gjennom eit samarbeid mellom Aalesunds Rederiforening, fire historikarar og ein statsvitar frå høgskulemiljøa i Volda og Molde, Møreforsking Molde og det lokale næringslivet, som har støtta opp om arbeidet økonomisk.