Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip
Sammendrag
Heavykatten sit inne på kaféen med walkmanen på og drøymer seg vekk til utlandet. Der er det mange andre som likar heavy. Her i byen er det berre han. No kjem tildømes ei som han ikke tål trynet på, Discodansemusa. Ho er ei stor jåle som likar disco. Det er berre ein Heavykatten likar dårlegare enn Discodansemusa, og det er Pinnsvinet Phillip. Kvifor er det nettopp dei tre som er heime i ferien? Alle dei andre er reist vekk. "Eg kan iallfall ikkje ikkje gjere noko saman med dei knehønene der," fnyser Heavykatten.
Men så skjer det noko som gjer at dei må samarbeide. Kaféen går dårleg, og Kaféeigaren er redd han må stenga. Heravykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip må freista å gløyma at dei ikkje likar kvarandre. Det viktigaste er å redda kaféen.
Anmeldelser:"Roald Kaldestad har laga ei morosam forteljing med gode karakteristikkar og slåande parodiar av tre dyr med ulike interesser... Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip (...)lovar godt for ein debutant."
Arne Sunde, Dag og Tid
"Sjarmerende trekløver fra distriktsnorge"
"Roald Kaldestad debuterer med humor og sjarm i denne lille fortellingen om tre dyrevenners uvennskap, vennskap og suksess. Tekstens humor og personskildring blir dyktig fanget opp og forsterket ved hjelp av tegningene, som har en frekk, røff og forfriskende stil."
Anne Liv Tønnesen, Stavanger Aftenblad
"Barnleg alvor"
"Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip er ei bok skriven for barn, men på same tid fullverdiglesnad for vaksne."
Helge Rossebø, Atrium