Heilt andre tider

Heilt andre tider

2003

Sammendrag

Fusa har fått ei ny bygdebok. Det skal koma to kulturhistoriske band forperioden 1900-2000. Bokverket har fått tittelen "Heilt andre tider". Første bandet er no i handelen. Det tek for seg det næraste og mest grunnleggjande: kvardagsliv og levekår. Mykje av dette stoffet er ålment og noko lesarar også frå andre stader og bygder vil kjenna seg att i.

Korleis var det å driva gard i Fusa for 50 år sidan, eller vera på brislingfiske på 1930-talet? Når kom straumen, og korleis ordna ein klesvasken før vaskemaskina si tid? Kva var Sævareid Karton- og Papfabrik, og korleis vart Fusa ein fiskeoppdrettskommune?

Det første bandet fortel om endringane i fusabygdene dei siste 100 åra - frå eit samfunn der det var den gamle bondekulturen sine normer og ideal som rådde, til nye former for bygdeliv ved tusenårsskiftet.

Folk i Fusa har delt raust av minne, kunnskapar og levd liv, og bilete og dokument frå fotoalbum og skuffer. Boka gjev såleis eit godt innblikk i hendingar og levemåte i

Fusa og Midthordlandsbygdene dei siste hundre åra.

Boka er på 416 sider fullfargetrykk, har mest like mange foto, og er kledd i ein sprek bokbunad. Det er blitt ei praktbok, men også ei bok spekka med gode historiar, lokalhistorisk kunnskap og kulturhistorisk innsikt.

Band to kjem hausten 2004 og tek for seg det sosiale

og kulturelle livet, kommunikasjonane og styre og stell.

Dei nye bygdebøkene for Fusa er ført i pennen av etnolog Ella Marie Brekke Vangsnes f. 1964. Ho er opphavleg vossing, men har vore busett i Fusa frå 1992. Forfattaren har bakgrunn frå m.a. journalistikk og museumsfordmidling.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser

Lese noe lignende?